Om Storehesten

Om oss

Storehesten AS er eit reiselivs selskap oppkalla etter fjellet som ligg bak huset vårt med same namn.

Vi heiter Solveig og Pål Anders, og vi bur i Bygstad med tre ungar (Henrik, Sofia og Johannes), fire geiter, goldendoodlen Stella og ragdoll-pusen Selma. Når vi ikkje dreg på tur eller fyrer opp bålpanna sjølv, sørger vi for at du får eit varmt, enkelt og eksklusivt opphald på ein av våre lokasjonar.

Vi tilbyr i tillegg til unike overnattingar, ei rekke aktivitetar og oppleving som du finn meir info om på våre nettsider under fana opplevingar – ta ein titt og planlegg ein tur til Bygstad og Dalsfjorden – «the hidden fjord with the hidden gems»

I tillegg til direkte booking i på våre kanalar, kan vi og tilby eksklusive pakker med overnatting og aktivitetar for inntil 10 personar (5 enkeltrom) pt. Vi jobbar med å utvide kapasiteten.

Pål Anders Kårstad

paal@storehesten.no

99 33 38 55

Utforsk stiar som slyngar seg gjennom frodig skog og over opne fjellryggar. Her finn du turar som passar både for deg som vil ha ein roleg rusletur, og for deg som vil ha ei skikkeleg fjelloppleving.