
Opplev Dalsfjorden med egen båt – Brig Navigator
Opplev den vakre fjorden!
No kan du leige eigen båt og oppleve Dalsfjorden og området på eigahand. Kva med eit stopp ved den mektige Laukelandsfossen? Her kan du gå i land og bade i kulpen delar av sommarhalvåret. Ei unik og mektig oppleving, sjølv for lokale innbyggarar.
Vi gir deg god instruksjon på korleis bruke båten, og kor du kan køyre og tips til stopp. Flytevestar er inklusive.
Båten er ein heilt ny Brig Navigator 20 med 115 hk Mercury. Dette er ein båt som «alle» kan køyre. Den går passe fort, og har plass til 8 personar. Båten har djupt V-skrog kombinert med potongar rundt. Det gjer båten trygg og stabil, samtidig som du er tett på sjøen og får ei unik naturoppleving. Dalsfjorden er ein av Norges flottaste og intime fjordar.
Praktisk informasjon
Plass til: 8 personar.
Varigheit: Frå korte fjordturar til lengre opplevingar med servering eller guiding.
Sesong: April til november.
Pris: kr 3500 for halv dag (4 timar), kr 4900 for heil dag (8 timar) For kortare leige er timeprisen 1500,-
Bensin kjem i tillegg (ca. 25,- per liter)