Utforsk fjorden med kajakk

Opplev Dalsfjorden frå vassflata – stille, mektig og heilt unik.


Frå Birdbox Storehesten har du kort veg ned til fjorden, der du kan leggje ut på kajakktur mellom fjell, fossefall og spegelblankt vatn. Dette er ei oppleving som passar både for nybyrjarar og dei meir erfarne padlarane.

Praktisk informasjon

Utleige av kajakkar: Vi tilbyr solide einskildkajakkar med alt nødvendig utstyr (åre, vest, spruttrekk).

Varigheit: Du vel sjølv – ein kort kveldstur, eller ein lengre utforskingstur i fjorden.

Sikkerheit: Før turen får du ei kort innføring i bruk av utstyr og trygg ferdsel på vatnet.

Sesong: Mai – september (avhengig av vêrtilhøve).

Pris: Pris per person/kajakk. Åre og vest er inkludert.

1 time 250,- / 2 timar 400,- / 3 timar 500
Halv dag 600,- (4 timar)
Heil dag/per døgn 700,-

Familiepakke dag (4 personar) 1 900,-

Booking på mobil: 99 23 38 55